Polmak

bygdelag i Tana i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia

Polmak
Remove ads

Polmak (nordsamisk Buolbmát, finsk Pulmanki) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Tana kommune i Finnmark fylke. Polmak var også ein sjølvstendig kommune frå 1903 til 1964, sjå Polmak kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Bygda

Bygda Polmak ligg på sørsida av Tanaelva, kring ein kilometer austom riksgrensa mot Finland. Tana museum[1], Polmak tollstad[2] og Polmak kyrkje ligg her.

Riksveg 895 går gjennom bygda, og om vinteren går det isveg over Tanaelva frå Europaveg 75/Europaveg 6 på nordsida til Polmak.

Kyrkjesoknet

Thumb
Sirbmá kapell i Sirma.
Foto: kirkenorge.no

Polmak er eit kyrkjesokn i Indre Finnmark prosti i Den norske kyrkja[3] Soknet femner den sørlege delen av Tana kommune, medan den nordlege delen av kommunen tilsvarar Tana sokn.

Det er to kyrkjer i soknet, Polmak kyrkje frå 1853 i bygda Polmak, og Levajok fjellkyrkje frå 1973. I tillegg ligg Sirbmá kapell frå 1954 i Sirma.

Stadnamnet

Det norske namnet Polmak er ei forvrenging av det nordsamiske namnet Buolbmát. Det samiske namnet er ikkje tolka.[4]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads