Polykarp Kusch
amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Polykarp Kusch (26. januar 1911–20. mars 1993) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1955 for sine presisjonsmålingar av elektronets magnetiske moment. Han delte prisen med Willis Eugene Lamb som fekk prisen for oppdagingane deira vedrørande finstrukturen i spektrumet til hydrogenet.
Han fekk ein Bachelor of science i fysikk ved Case Western Reserve University i 1931. I 1933 fekk han ein mastergrad ved University of Illinois og i 1936 ein filosofisk doktorgrad ved same stad. Store delar av karrieren sin var han professor ved Columbia University i New York, og fungerte som prost på universitet i mange år før han flytta over til det nyoppretta University of Texas i Dallas. I si tid ved Columbia var han doktorgradsrettleiar for Gordon Gould, oppfinnaren av laseren
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Polykarp Kusch» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads