Pomerans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pomerans
Remove ads

Pomerans (Citrus aurantium) er eit tre i sitrusslekta og frukta på treet. Pomeransar kan også kallast bitterappelsin eller chinotto. Fruktene er gule og kuleforma, med tjukt skal ytst. Dei er hole inst. Fruktkjøtet er svært bittert på smak og inneheld mykje stein.

Kjappe fakta

Treet stammar frå Asia, men er vanleg dyrka mellom anna i middelhavslanda, der det blei innført for nær 1000 år sidan. Fruktene heng på treet svært lenge, og treet kan plantast i hagar og parkar som prydtrer.

Thumb
Heil og oppskoren pomerans

Pomerans blir ikkje eten naturell, men heile frukta kan brukast til marmelade. Skalet har ein skarp aromatisk smak og kan brukast til kandisering (sjå sukat), likør (som curaçao og cointreau) eller gin. Av blomane kan ein vinna ut neroliolje, som blir brukt i parfyme.

Planten oppstod som ein hybrid mellom Citrus maxima (pomelo) og Citrus reticulata (mandarin).[1] Pomerans er sjølv opphav til sitrushybridar som klementin (kryssa med mandarin) og bergamott (kryssa med limett).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads