Popol Vuh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Popol Vuh
Remove ads

Popol Vuh eller Popol Wuj[1] (moderne k’iche’ [popol wuʔuχ]) er ei samling av mytologiske forteljingar og kongelege stamtavler frå det mayiske postklassiske quichériket Q'umarkaj, som låg i høglandet til det noverande Guatemala. Verket inneheld mellom anna den mayiske skapingssoga, gudesoger og forteljinga om dei to tvillingheltane Hunahpu og Xbalanqué. Opphavet og historia til quichéfolket og kongerekkja deira fram til 1550 er òg med. Namnet «Popol Vuh» kan omsetjast som 'boka åt rådet', 'boka åt felleskapet' eller meir bokstaveleg 'boka åt folket'.

For andre tydingar, sjå Popol Vuh (fleirtyding).
Thumb
Francisco Ximénez sin kopi av Popol Vuh, det eldste bevarte eksemplaret av tekstsamlinga.

Popol Vuh er eit viktig dokument til førkolumbisk mayamytologi og kultur. Teksten blei opphavleg skriven ned på k’iche’ med spanske (latinske) bokstavar mellom 1554 og 1558. Denne boka blei funnen først på 1700-talet av soknepresten Francisco Ximénez (eller Jiménez), som både kopierte den opphavlege teksten og omsette han til spansk. K’iche’teksten hans gjekk tapt, men den spanske blei teken vare på.

Remove ads

Norske utgåver

  • Popol vuh. Omsett av Christian Rugstad; innleiande essay av John Ødemark. Bokklubbene, 2003. LXX, 165 s. (Verdens hellige skrifter; 20). Omsett etter ei engelsk utgåve. ISBN 82-525-5187-4

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads