Poprad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Poprad
Remove ads

Poprad (tysk Deutschendorf) er ein by nord i Slovakia ved foten av Høge Tatrafjella. Han er den største byen i regionen Spiš og den tiande største i heile Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar.

For elva med same namn, sjå Popradelva.
Kjappe fakta Land, Kraj ...

Byen har eit historisk sentrum og ved byen ligg den internasjonale Poprad-Tatry lufthamn. Byen er òg første stasjon på Tatranská elektrická železnica-jernbanen.

Remove ads

Historie

Historisk var området opphavleg busett av slavarar, men tyskarar koloniserte området på 1200-talet, og Poprad vart i hovudsak ein tysk by. Frå 1412 til 1770 vart byen og Szepes fylke pantelånt til Polen, og Polen var delvis ansvarleg for utviklinga der.

Poprad vart første gong nemnd i skriftlege kjelder frå 1256, og i 690 år, fram til 1946 var han berre ein av fleire nabobyar som i dag utgjer den moderne byen. Dei andre delane av byen er Matejovce, Spišská Sobota, Veľká og Stráže pod Tatrami.

I 1999 søkte Poprad om å vere vertskap til Vinter-OL 2006, men tapte for Torino i Italia.

Thumb
Hovudplassen i Poprad.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads