Pordenone
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pordenone (friulisk Pordenon) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pordenone i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 50 000 innbyggjarar.
Namnet kjem frå det latinske «Portus Naonis» som tyder porten ved elva Noncello (latin Naon)
Remove ads
Historie
Pordenone vart grunnlagd seint i mellomalderen som ei elvehamn ved Noncello og namnet Portus Naonis. I området var det alt villaer og jordbruksbusetnadar i romartida. I 1378 vart byen gjeven til Habsburg-familien etter å ha høyrt til fleire føydale styre og vart ein del av patriarkatet Aquileia. På 1300-talet voks Pordenone raskt på grunn av den blømande handelen langs elva og han fekk bystatus i 1314.
I 1514 vart han ein del av Republikken Venezia som bygde ei ny hamn.
Etter napoleonskrigane vart Pordenone innlemma i Kongedømet Lombardia-Venetia. Då byen fekk jernbane- og vegsamband vart hamna mindre viktig, men industrien vart kraftig utvikla, mellom anna innan handsaming av bomull. Pordenone vart annektert til Italia i 1866.
Etter den andre verdskrigen vart den lokale bedrifta Zanussi ein verdsgigant innan hushaldningsutstyr og i 1968 vart Pordenone hovudstad i provinsen med same namn.
Pordenone og resten av Friuli-Venezia Giulia vart etter krigen ein garnison med mykje militæraktivitet for å hindre ein eventuell sovjetisk invasjon frå aust.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pordenone» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
- Kunstmuseumet i byen Arkivert 2009-10-12 ved Wayback Machine.
- Vest-Friuli arkeologimuseum Arkivert 2007-05-02 ved Wayback Machine.
- Vitskapsmusumet i byen Arkivert 2007-05-01 ved Wayback Machine.
- Castello di Torre Arkivert 2006-04-04 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads