Port Lockroy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Port Lockroy
Remove ads

Port Lockroy er ei naturleg hamn på nordvestkysten av Wiencke Island i Antarktiske Arkipel i Britisk Antarktis. Han vart oppdaga i 1904 og kalla opp etter Édouard Lockroy, ein fransk politikar og visepresident i handelsdepartementet, som assisterte Jean-Baptiste Charcot i få statleg støtte til Den franske antarktisekspedisjonen. Hamna vart nytta av kvalfangarar mellom 1911 og 1931. I løpet av andre verdskrigen oppretta den britiske militæroperasjonen Tabarin ein base i Port Lockroy (Station A) på den vesle Goudier Island i bukta. Denne var i drift som ein britisk stasjon fram til 1962.

Kjappe fakta Land, Stad ...

I 1996 vart Port Lockroy-basen renovert og er i dag eit museum og eit postkontor driven av Great Britaian Antarctic Heritage Trust. Han fekk status som Historisk stad nr. 61 under Antarktistraktaten og er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Antarktis.[1]

Thumb
Matrasjonar til utstilling i museet.
Thumb
Port Lockroy (i 2000
Thumb
Den fråflytta britiske basen ved Port Lockroy, 1962

Selskapet samlar inn data for British Antarctic Survey for å observere korleis turismen påverkar pingvinane. Halve øya er opne for turistar, medan den andre halvdelen er reservert for pingvinane.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads