Portland i Maine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Portland er den største byen i den amerikanske delstaten Maine. Byen ligg ved atlanterhavskysten, i Cumberland County sør i delstaten. Portland er i dag det økonomiske og kulturelle senteret av Maine, og er eit populært turistmål på grunn av det historiske hamneområdet.
Remove ads
Historie
Portland har hatt fleire namn. Urfolka som først budde her kalla staden Machigonne, som tyder 'stor hals'.[2] Britane som slo seg ned her i 1632 grunnla ein hamneby dei kalla Casco,[2] seinare, i 1658, Falmouth. Byen blei lagd i ruinar av abenakiarane i 1675, og igjen i 1775 av britane under sjølvstendekrigen.
Ein del av Falmouth kjend som The Neck ('Halsen'), blei bygd ut som hamneområde skild frå resten av byen, og fekk namnet Portland i 1786. Namnet stammar frå Isle of Portland i Dorset i England.[3] Portland var delstatshovudstad i Maine frå staten blei medlem av USA i 1820 til 1832, då hovudstaden blei flytt til Augusta.
I 1866 brann mykje av Portland ned til grunnen på den amerikanske sjølvstendedagen, 4. juli. Byen blei hovudsakleg bygd opp att i stein- og murbygningar.
Remove ads
Folk frå Portland
- John Neal (1793–1876), forfattar
- Henry Wadsworth Longfellow (1807–1882), diktar og akademikar
- Marie a'Becket (1839–1904), målar
- Hiram Abrams (1878–1926), filmmogul
- Francis Ford (1881-1953), skodespelar og filmregissør
- William Irwin Thompson (1938—2020), sosialfilosof, kulturkritikar og diktar
- Stephen King (f. 1947), forfattar
- Judd Nelson (f. 1959), skodespelar
- John Erik Riley (f. 1970), norsk forfattar
Remove ads
Galleri
- City Hall
- First Parish Church
- Congress Street
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads