Posadowskybreen i Antarktis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Posadowskybreen (tysk Posadowskygletscher) er ein isbre, kring 17 km lang, som flyt nordover til Posadowsky Bay like aust for Gaussberg.[1] Posadowsky Bay er ei open bukt, like aust for West-isen og føre Davishavet i Wilhelm II Land.[2] Kaiser Wilhelm II Land ligg i Aust-Antarktis mellom Cape Penck og Cape Filchner og er ein del av Australian Antarctic Territory.
Isbreen vart observert i februar 1902 frå toppen av Gaussberg under Gauss-ekspedisjonen leia av Erich von Drygalski. Amerikanske Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) kalla breen opp etter Drygalski sin Posadowsky Bay i 1955 etter studiar av flyfoto tekne av US Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Posadowsky Bay vart i si tid kalla opp etter grev Arthur von Posadowsky-Wehner, innanriksminister i Det tyske riket, som sikra statlet støtte til Drygalski-ekspedisjonen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads