Possible Musics
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics er eit album frå 1980 av Brian Eno og Jon Hassell.
Remove ads
Oversyn
«Fourth World» er eit omgrep som trompetisten Jon Hassell nytta for å skildre musikkstilen som ein fekk med moderne teknologiske handsamingar påverka av forskjellige kulturar og tidsepokar. Han ønskte musikken på albumet til å vere «framtidig primitiv» eller «ein kaffi-farga klassisk musikk».
Hassell hadde studert indisk klassisk musikk med songaren Pandit Pran Nath, og seinare nytta vokalteknikkane i trompetspelinga si. I lag med Eno blanda han lydane frå instrumentet sitt med digital forseinking, ekko og elektroniske effektar for å skape ei unik blanding av ambient og verdsmusikk.
Trompeten til Hassell dominerer albumet gjennom, men høyrest likevel nesten aldri ut som ein.
Eno tok det han lærte frå å lage dette albumet med seg i samarbeidet med David Byrne på My Life in the Bush of Ghosts. Hassell meinte visstnok at albumet med Byrne var for «kommersielt» og hudfletta Eno i eit intervju for metodane hans og «mangelen på musikalsk herkomst». Dei vart etter kvart vener att.
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Jon Hassell – trompet, Prophet 5 på «Delta Rain Dream»", «Aular»-loop på «Rising Thermal», Arp-loopar på «Charm»
- Brian Eno – gitar på «Delta Rain Dream», Prophet 5 på «Ba-Benzélé» og «Rising Thermal», MiniMoog & handsamingar på «Charm»
- Percy Jones – bass på «Chemistry»
- Naná Vasconçelos – ghatam, congaar, trommeloopar
- Aïyb Dieng – ghatam, congatrommer
- Michael Brook – bass på «Griot»
- Paul Fitzgerald – elektronikk på på «Griot»
- Gordon Philips – handklapping på «Griot»
- Andrew Tomar – handklapping på «Griot»
- Tina Pearson – handklapping på «Griot»
- Jerome Harris – bass på «Ba-Benzélé»
- Night Creatures of Altamira – på «Rising Thermal»
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fourth World, Vol. 1: Possible Musics» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads