Post Pop Depression
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Post Pop Depression er det 18. studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop, gjeve ut den 18. mars 2016, av Loma Vista Recordings.[4] Det var produsert av Josh Homme frå Queens of the Stone Age og vart spelt inn i løyndom i lag med Dean Fertita frå Queens of the Stone Age og trommeslagaren Matt Helders frå Arctic Monkeys.[5][6]
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Pop og Homme byrja å arbeide på albumet i januar 2015. Dei sendte litt songtekstar til kvarandre og tre månader seinare vart dei samde om å dra i studio.
Albumet består av ni songar og vart spelt inn mellom 12. januar og 9. mars 2015 i Rancho De La Luna i Joshua Tree i California, i løpet av to veker, og ei anna veke i Pink Duck Studios i Burbank i California.[7] Pop og Homme betalte sjølv for innspelinga.[8] Dean Fertita spelte gitar og klaverinstrument, medan Matt Helders spelte trommer. Homme har sagt at førebuinga av Post Pop Depression var ein av tinga som hjelpte med etterverkanden etter åtaket i november 2015 i Bataclan.[4][6]
Albumet kom ut 18. mars 2016.[9] Pop og Homme var då alt i gang med ein turné for å marknadsføre albumet, og følgde opp med konsertar i Europa i mai 2016[10] I tillegg til Pop og Homme, hadde dei med seg Fertita, Helders, Matt Sweeney på bassgitar og Troy Van Leeuwen på gitar.[4][6]
Dei debuterte med songen «Gardenia» på The Late Show with Stephen Colbert den 9. mai 2018.[6][11] Songen nådde 26. plassen på Adult Alternative Songs-lista. Albumet debuterte på 17. plassen på Billboard 200 og vart det best plasserte Iggy Pop-albumet i USA. Det gjekk òg høgt på albumet andre stader i verda.
Remove ads
Mottaking
Post Pop Depression fekk stort sett positive meldingar frå kritikarane. På Metacritic fekk albumet 79 av 100, basert på 33 meldingar, noko som indikerer at mange av dei var positive til albumet.[12]
I desember 2016 vart albumet nominert til Grammyprisen i kategorien «Best Alternative Music Album».
Lovord
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Iggy Pop — vokal, akustisk gitar
- Josh Homme — vokal, gitar, bass, piano, synthesizer, mellotron, produsent, perkusjon
- Dean Fertita — gitar, piano, synthesizer, bassgitar
- Matt Helders — trommer, perkusjon, shaker, korvokal
Salslister
Salstal
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads