Potters Bar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Potters Bar er ein by i Hertfordshire i England, rett nord for London. Han vart grunnlagd på byrjinga av 1200-talet, og var omtrent uforandra inntil 1850-åra, då jernbanen kom til staden.
Opphavet til namneleddet Potters er usikker, men det er ei utbreidd oppfatning at det var anten eit romersk pottemakeri i nærleiken, eller at det kjem frå slekta Pottere som budde i South Mimms ikkje langt unna. Bar syner truleg til portane mellom soknet South Mimms og soknet Enfield Chase, eller til ei tollgrense på Great North Road.

Foto: Rob Farrow
Great North Road, den eldste hovudvegen mellom London og Nord-England og derfrå vidare til Edinburgh i Skottland var hovudgata (High Street) i Potters Bar. Han heitte tidlegare A1, og fekk så namnet A1000 då A1 vart lagt utanom byen. Potters Bar kan ein òg nå frå kryss 24 på M25.
I 1934 vart byen eit eget distrikt i Middlesex. Då Stor-London vart ein egen region i 1965 vart det meste av Middlesex ein del av det, medan distriktet Potters Bar vart overført til Hertfordshire. I 1974 vart distrikta omorganisert, og byen vart ein del av Hertsmere. Tilknytinga til Stor-London er likevel til stades, då London Underground har ein stasjon der.
Potters Bar jernbanestasjon er den høgastliggande på linja mellom King's Cross stasjon i London og York. Den 10. mai 2002 inntrefte ei alvorleg togulykke der, der sju omkom og 76 vart skadde.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


