Stor-London
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stor-London (Greater London) er ein region og eit seremonielt grevskap i England. Regionen inkluderer hovudstaden i Storbritannia, London, men òg fleire byar utanfor sjølve London slik byen historisk har vore definert. City of London er eit eige grevskap, men er ein del av regionen Stor-London.
Sidan 2000 har Stor-London blitt administrert av styresmaktene i Stor-London (Greater London Authority), og har i tillegg til ei folkevalt forsamling, Londonforsamlinga, ein direktevalt borgarmeister.
Statusen avvik frå norma, då ein skulle forvente at Stor-London berre var eit administrativt grevskap; i staden blei det også gjort til ein eigen region. Bakgrunnen for dette er at det ville vere komplisert å ha London med i ein region saman med område som låg for langt utanfor byen, og ein ønskte å inkludere City of London i eininga.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads