Praktblomsterborar

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Praktblomsterborar
Remove ads

Praktblomsterborar (Diglossa gloriosissima) er ein fugl i tanagarfamilien. Han er endemisk for Colombia. Han var sist registrert i 1965 til han vart gjenoppdaga i 2004. Utbreiingsområdet er høgtliggande og vanskeleg tilgjengeleg.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er ein mellomstor blomsterborar, ca. 14 centimeter i kroppslengd og han veg ca. 14 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er gjennomgåande svart med klår, kastanjebrun buk og undergump, samt ein karakteristisk lys blå skulderflekk. Nebbet er mørkt og litt oppeikande med ein krok i enden.

Arten er registrert med to åtskilte lokale populasjonar, som to underartar. Nominatforma finst i Cerro Munchique i Cauca-departementet, den andre underarten lever i nordre Antioquia-departementet. Totalt utgjer det 90 km².[1] Her lever dei i våt krattskog og dvergskog, frå 3000 til 3800 moh.[2]

Populasjonen er estimert til å ligge i området 1800-10000 individ og trenden er ukjent. Arten er klassifisert som nær truga (NT).[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads