Rakituma / Preservation Inlet
fjord på New Zealand From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rakituma / Preservation Inlet er den sørlegaste fjorden i Fiordland National Park, og ligg ved det sørvestlege hjørnet til Sørøya på New Zealand, i regionen Southland.
Remove ads
Geografi
Preservation Inlet er ein lang og trong fjord som strekkjer seg i nordaustleg retning mellom Gulches Head i nord og Puysegur Point i sør. Coal Island ligg ved innløpet. Den inste armen vert kalla Long Sound, som er utløpet til elva Long Burn.[1]
Ein større del av det indre Preservation Inlet er eit verna område innanfor Te Tapuwae o Hua (Long Sound) Marine Reserve.
Historie
Staden var kjend av tidlege sel-s og kvalfangarar, og fekk namnet sitt av kaptein Eber Bunker i 1809. Den første landbaserte kvalfangststasjonen på New Zealand vart etablert her i 1828[2] eller 1829, og dreiv fangst av sørkaper (engelsk Southern Right Whale) ((Eubalaena australis) i dette området.[1] I 1900 vart ein busetnad med namnet Cromarty etablert i Kisbee Bay. Det var meininga å dra nytta av både gullfunn i 1890-åra og fiske, men dette vara ikkje så lenge, og i dag er det få leivningar att av busetnaden.[1][3]
Det offisielle namnet på staden blei endra frå Preservation Inlet til Rakituma / Preservation Inlet i 2019.[4]
Remove ads
Økologi
Etter ein massiv fangst gjennom mange år, er sørkaperkval/sørleg rettkval (rettkvalfamilien) endeleg starta å koma attende til staden.[5][6][7] Der er uverifiserte observasjonar av hektordelfinar i området.[8]
Tilkomst
Der er ingen vegar langs kysten på denne staden. Men ei turrute hit går frå Tuatapere. Der er også åtkome til fjorden sjøvegen og med fly.[9]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads