Preston
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Preston er ein by og eit distrikt i Lancashire i England. Han ligg ved elva Ribble, 45 km nordvest for Manchester og har kring 190 000 innbyggjarar. Preston er administrasjonsby for grevskapet, og fekk status som city i 2002.
- Denne artikkelen handlar om Preston i Lancashire i England. For andre tydingar av ordet, sjå Preston (fleirtyding).
Remove ads
Byen er mest kjend for sin store busstasjon (med 79 plattformer), St. Walburgas kyrkje (den høgaste kyrkja i England) og fotballaget Preston North End. Tradisjonelt har byen hatt ein stor tekstilindustri, som i aukande grad er erstatta av annan industri, mellom anna verkstad- og maskinindustri (landbruksmaskinar, flydelar og anna). Det er framleis produksjon av tekstilar (rayon).
Kvart 20. år finn den store feiringa Preston Guild stad. Den førre var i 1992, og neste kjem dermed i 2012.
University of Central Lancashire, som er eit av dei største universiteta i England, ligg i Preston.
Det stod eit stort slag i byen under den engelske borgarkrigen i august 1648, der styrkane til Oliver Cromwell vann eit avgjerande slag over styrkane til kong Karl I.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Preston (Lancashire)» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2011.
«Preston» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads