Prievidza
by i Slovakia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Prievidza (ungarsk Privigye, tysk Priwitz) er ein by sentralt i det vestlege Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar og er ein av dei største byane i Trenčín kraj.
Remove ads
Historie
Byen vart nemnd første gongen i 1113 som «Preuigan». Han fekk status som fri kongeleg by i 1383. Sidan 1500-talet utvikla handverkaryrket seg i Prievidza. Frå 1500-talet til første del av 1600-talet kontrollerte familen Thurzo byen. Det osmanske riket kom til byen frå sør og brende han ned i 1599, i lag med andre byar i den øvre Nitradalen. Under Kuruc-opprøret i 1673 vart Prievidza sett i brann igjen, og brannen tok delar av byarkiva. I 1870 hadde han 2719 innyggjarar.
Frå slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet har industrien vokse i byen etter at jernbanen først kom hit. I den andre verdskrigen var byen eit av sentera til den slovakiske motstandsrørsla. Etter slutten av krigen voks folketalet kraftig i lag med industrien frå 5000 til rundt 53 000. Prievidza vart bustad for mange gruvearbeidarar som fann arbeid i nærliggande kolgruver, kraftstasjonar og ein kjemisk fabrikk nær byen Nováky.
Remove ads
Innbyggjarar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads