Primstav
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Primstav er ein flat, stavforma kalender av tre der ymse merkedagar er markerte med innskorne symbol.


Bruk
Kalenderen på primstaven er evigvarande og vart brukt før det vart vanleg med trykte almanakkar. Staven vart stort sett berre brukt i Noreg, Sverige og Danmark, og er ikkje kjend til dømes på Island.
Primstavar er gjerne 50-80 cm lange og 4-6 cm breie. Kvar dag er merkt med ein strek eller eit hakk, og heilagdagar og andre merkedagar er avmerkte med spesielle teikn eller figurar. Primstaven har kalenderoppteikningar på begge sidene; ei sommarside og ei vinterside. Sommarsida gjeld frå 14. april til 13. oktober og vintersida frå 14. oktober til 13. april.
Remove ads
Namn
Namnet primstav kjem truleg gjennom norrønt prímstafr, gyllental, frå latin primatio lunae, 'første tilsynekomst av nymånen'. Bakgrunnen var at den 19-årige månesyklusen var utgangspunkt for den gamle tidsrekninga. Gyllental finn ein likevel sjeldan på norske primstavar.
Medan han er kjend som 'primstav' i Noreg og Danmark, er kalenderen i Sverige kjend som runstav.
Merkedagar på den norske primstaven
Primstaven har opphav i ein katolsk kyrkjekalender, og har vore i bruk over store delar av Europa. Messedagane for dei ulike helgenane vart synte med teikn som symboliserte ein av attributtane til helgenen. Etter reformasjonen vart det religiøse innhaldet i mange av helgendagane gløymt, og i den folkelege tradisjonen vart dei ulike figurane nytolka. Til dømes vart muslingskalet som skulle symbolisere apostelen Jakob omtolka til ein vassdrope, slik at merkedagen vart kalla Jakob våthatt.
Merkedagane kan ha fleire namn. Kvar merkedag har dessutan sitt eige merke, som òg kan variere. I tabellen nedanfor er merkedagar vi kan finne på norske primstavar lista opp. Nokre av merkedagane finst på alle primstavar, medan andre berre sjeldan er avmerkte. Venlege merkedagar på norske primstavar er merkte med ein *.
Sommarhalvåret
Vinterhalvåret
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Forklaring av primstaven Arkivert 2009-04-09 ved Wayback Machine.
- Primstav Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på http://www.maihaugen.no
- Primstaven Arkivert 2005-11-22 ved Wayback Machine.
Litteratur
- Norvald Losnegard Primstaven : gamle minne- og merkedagar, Setesdalsforlaget, 1999, ISBN 82-91820-47-3.
- Dybdahl, A., Primstaven i lys av helgenkulten, Tapir, 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads