Procellaria

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Procellaria
Remove ads

Procellaria er ei slekt av fem artar i stormfuglfamilien Procellariidae. Dei er langvenga sjøfuglar som lever pelagisk på den sørlege halvkula.

Kjappe fakta
Remove ads

Alla artane ber trivialnamnet «petrell» trass i at dei er nærare i slekt med gruppa lirer. Somme plasserer Procellaria saman med slekta Bulweria i ei gruppe som kallast «Procellaria-petrellar» som i sin tur vert plassert nærare kvalfuglar. Dette er store lirer med samanvaksne røyrforma naseborer på oversida av nebbet. Dei flyg på stive venger med ein effektiv flygeteknikk typisk for lirer. Kvithakepetrell og gråpetrell følgjer ofte skipIndiahavet og på Sør-Atlanteren. Artane er mykje like og i farvatna der fleire av artane førekjem, til dømes utanfor Ny Zealand kan det vere vanskeleg å identifisere artar.

Procellaria finst i kalde og tempererte farvatn på den sørlege halvkula. Utanom hekketida lever dei eit pelagisk liv. Fjellpetrell er arten som regelmessig søker lengst nord då han overvintrar så langt nord som utanfor Mexico-kysten.

Dei kjem på land på øyar og fuglefjell berre for å hekke. Dei hekkar i jordhòler og legg berre eitt kvitt egg per hekkesesong. Dei lever av fisk, blekksprut, anna pelagisk føde og utkast frå fiskebåtar.

Alle fem artar er meir eller mindre truga, gråpetrell er klassifisert som nær truga av IUCN, dei andre som sårbare.

Remove ads

Artar

Procellaria-lirer i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Gråpetrell, Procellaria cinerea, Gray Petrel, Gmelin, 1789, (NT)
  • Kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis, White-chinned Petrel, Linné, 1758, (VU)
  • Brillepetrell, Procellaria conspicillata, Spectacled Petrel, Gould, 1844, (VU)
  • Fjellpetrell, Procellaria parkinsoni, Parkinson's Petrel, Gray, 1862, (VU)
  • Westlandpetrell, Procellaria westlandica, Westland Petrel, Falla, 1946, (VU)
Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads