Ptilopachus
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ptilopachus er ei afrikansk biologisk slekt av bakkelevande fuglar og i dag medlem av tannvaktelfamilien, Odontophoridae.[1]
Tradisjonelt var klatrehøne einaste arten i Ptilopachus, men basert på genetisk bevis er no òg iturifrankolin ein del av slekta, han var tidlegare vurdert som ein frankolin i Francolinus i fasanfamilien. Studien konkluderer òg med at denne slekta er nærmast knytt til tannvaktlar, Odontophoridae, og kan vurderast som deira einaste afrikanske representant,[2][3][4] men mange taksonomar vil framleis inkludere Ptilopachus i fasanfamilien.
Desse fuglane er ca. 25 centimeter i kroppslengd, begge artar er relativt små, terrestriske fuglar med ein raud augering, nebbrot og bein, og brunleg overside.[5]
Remove ads
Artslista
Ptilopachus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]
- Klatrehøne, Ptilopachus petrosus, Stone Partridge
- Iturifrankolin, Ptilopachus nahani, Nahan's Francolin
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads