Purpurstrupemetallstjert

From Wikipedia, the free encyclopedia

Purpurstrupemetallstjert
Remove ads

Purpurstrupemetallstjert (Metallura baroni) er ein sårbar kolibriart i gruppa «koketter», stammen Lesbiini av underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk for eit avgrensa område i sørlege Ecuador.

Kjappe fakta
Remove ads

Taksonomi og systematikk

Purpurstrupemetallstjerten er monotypisk. Ein gong vart han handsama som same arten som glostrupemetallstjert (Metallura eupogon). Artsnamnet baroni heidrar samlaren Oscar Theodor Baron.[1]

Skildring

Purpurstrupemetallstjert er ein 10 til 11 cm lang kolibri. Kroppsvekta er 3,9 til 5 gram. Han har eit 13 mm langt, rett, svart nebb.[2] Vaksne hannar har mørk olivengrøn over- og underside. Den iriserande fjørlappen i strupeområdet er lilla-fiolett. Den litt kløfta halen er iriserande fiolettaktig himmelblå på oversida og glitrande gulgrøn på undersida. Hoer har også generelt mørk olivengrøn fjørdrakt, men strupen og brystet er mattare enn hos hannfuglar, og buken er kvitgrå flekka med olivengrønt. Dei ytre halefjørene har kvite tuppar på undersida. Juvenile fuglar liknar på vaksne hoer.[1]

Remove ads

Utbreiing og habitat

Purpurstrupemetallstjerten finst berre på Cajas-platået vest for byen Cuenca, Ecuador. Platået strekkjer seg over delar av både Azuay- og Cañarprovinsen. Denne arten lever i utkantane av elfinskog og Polylepis-skogar og tilstøytande páramo-grassletter. Det føretrekte landskapet er prega av steinblokker med eit dekkje av bromeliaer, lyng, bregnar og mosar.[1] Høgdnivået varierer normalt mellom 3 100 og 3 700 moh.[2]

Levevis

Purpurstrupemetallstjerten søkjer etter nektar ved å røre seg rundt med å sveveflyge og stille i lufta; han lever av ei rekkje blomstrande vegetasjonar på alle nivå i habitatet. Hannane vernar om eit territorium for beiting.[1]

Hekketida er mellom november og februar. Eit reir som vart funne vart skildra som å likne «ein tøffel utan hæl»; han var laga av mose, kvister og ull. Hoa rugar på to kvite egg.[1]

Vokalisering for denne arten er skildra som «ein søkkande serie med 3–5 pipande tonar, etterfølgd av fleire uordna lydar, 'trsee-see-see-sew..trr-tsee-tse-tsew..trr-tsee- tse-tsew'». Dette kan anten vere ein song eller eit jagande kall.[1]

Arten flyttar seg lite innanfor det litle utbreiingsområdet sitt, men ein trur dei kan gjere sesongmessige høgderørsler.[1]

Remove ads

Status

Verdas naturvernunion, IUCN, vurderte opphavleg purpurstrupemetallstjert som sterkt trua (EN). Vurderinga vart endra til sårbar (VU) i 1994 og tilbake trua i 2000. Etter vurdering i 2023 er arten igjen klassifisert som sårbar. Storleiken på populasjonen vart sist vurdert i 1992, og er trudd å ligge i området 1000 til 2500 modne individ. Bestanden er truleg søkkande.[3] Utbreiingsområdet inkluderer Cajas nasjonalpark og det vesle tilstøytande Río Mazán-reservatet. Men utanfor desse områda og til og med innanfor nasjonalparken er habitatet trua ved å brenne vegetasjon for å skape beitemark.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads