Pyrénées-Orientales
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pyrénées-Orientales er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon ved grensa til Spania ved Middelhavet.
Remove ads
Historie
Pyrénées-Orientales er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Roussillon og ein liten del av Langeudoc.
Før Traktaten i Pyreneane i 1659 vart det meste av departementet ein del av fyrstedømet Catalonia innanfor Krona av Aragon, så dei fleste innbyggjarane her har snakka katalansk gjennom historia. Stundom vert området framleis referert til som Nord-Catalonia.
Departementet vart invadert av Spania i april 1793, men området vart erobra tilbake tretten månader seinare.
Remove ads
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude og Ariège, i tillegg til Spania og Andorra i sør og vest.
Pyrénées-Orientales har eit areal på 4 115 km² og eit folketal på om lag 400 000, der om lag ein fjerdedel bur i hovudstaden Perpignan. Andre byar er Argelès-sur-Mer, Thuir, Elne (Illiberis i antikken) og Prades, som alle har 6-10 000 innbyggjarar.
Pyrénées-Orientales består av tre elvedalar i Pyreneane og den austlege sletta i Roussillon der dalane møtes. Frå nord til sør er desse Agly, Têt og Tech. Størsteparten av folkesetnaden og jordbruksproduksjonen er konsentrert på sletta, som berre dekkjer ein tredjedel av arealet i departementet.
Den øvre Techdalen er den vestlegaste, og har berre ein tiandedel av folkesetnaden i departementet. I søraust ligg Têtdalen og Côte Vermeille med om lag 100 000 innbyggjarar. Agly ligg i nordaust og har meir tilfelles med nabodepartementet Aude.
Remove ads
Økonomi
Pyrénées-Orientales er eit vinområde og ein populær turiststad.
Demografi
Heile folkesetnaden snakkar fransk, men mindre grupper talar òg katalansk og oksitansk.
Bakgrunnsstoff

- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Guide til Pyrénées-Orientales
- Monument, landsbyar og attraksjonar i Pyrenees Orientales Arkivert 2007-05-10 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads