Aude
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aude er eit departement sør i sentrale delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon og er kalla opp etter elva med same namn.
- For elva med same namn, sjå elva Aude
Aude er òg eit kvinneleg førenamn som vert mykje nytta i fransktalande land.
Remove ads
Historie
Aude er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
I antikken kryssa den romerske vegen Via Domitia Aude. Aude var eit senter for katarane, ei dualistisk og gnostisk kristen sekt på 900-talet.
Geografi
Aude ligg mellom Middelhavet og Pyreneane. Departementet er ein del av den noverande regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Pyrénées-Orientales, Ariège, Haute-Garonne, Tarn og Hérault, med Golfe du Lion i aust.
Klima
Aude har middelhavsklima. Om hausten kan ein stundom få kortvarige, men kraftige stormar. Sommaren er ofte varm og tørr, med gode forhold for dyrking av vindruer og oliventre. I dei nordlege fjellområda Montagne Noire og dei sørlege fjella Pays de Sault kan ein derimot få låge temperatur om vinteren. Dei vestlege områda får meir nedbør enn dei austlege områda av departementet. Sentrale område, som Limouxin, Carcassonnais og Razès, er ofte utsett for vind, og departementet er eit av dei mest vindfulle i heile Frankrike. Dette kjem av fjellområda i nord og sør, som dannar ein slags korridor i dei sentrale områda.
Turisme
Mellomalderbyen Carcassonne og Narbonne med sine romerske ruinar trekkjer til seg mange turistar. Andre landsbyar som er verdt eit besøk er Limoux, Quillan, Lezignan - Corbières, Lagrasse, Sigean og Leucate. Lagrasse vert rekna som ein av dei flottaste landsbyane i landet. Han ligg ved elva Orbieu og har eit kloster frå 700-talet med eit sentrum som stort sett har vore uendra sidan mellomalderen.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Offisiell nettside
- Prefekturet si nettside
- Reiseguide for Aude
- Bilete av Aude
- Stader å vitje i Aude
- Reiseguide frå francesouth.com
- Bilete av Aude-området
- Restaurantar, marked og ferieaktivitetar i Aude
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads