Q
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Q er den 17. bokstaven i det latinske alfabetet.
Soge
Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.
Remove ads
Moderne bruk
I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.
Q kan visa til
- Q-verdien til ein resonans
- Q, i fysikken vanleg symbol for elektrisk lading, for varmeenergi og for frigjort kinetisk energi i ein kjernereaksjon. Energien, Q-verdien, er positiv når energi som har vore bunden i atomkjernane som reagerer, går over til varme.
- Q er i matematikk mengda av alle rasjonale tal.
- ein rollefigur i bøkene og filmane om James Bond
- det britiske musikkmagasinet Q
- q er symbol for den britiske masseininga quintal.
- fleire forkortingar av latinske ord og namn, til dømes Quintus, quaestor, quartus.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads