Qinling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Qinling
Remove ads

Qinling (kinesisk skrift 秦岭, pinyin Qin Ling) er ei fjellkjede sentralt i Folkerepublikken Kina. Ho strekkjer seg ca. 650 km i vest-aust-retning, og har ei breidde på opptil 170 km, frå sør i provinsen Gansu og tvers over heile det sørlege Shaanxi og aust til den sentrale delen av Henan.

Thumb
Vestre toppen av Hua Shan, eit fjell i Qinlingfjella
Kjappe fakta Land ...

Det høgaste fjellet i kjeda er Taibai Shan, på 3 767 moh. Eit av dei fem heilage fjella i daoismen, Hua Shan, ligg i Qinling.

I nord er fjella avgrensa av elvesletta til elva Wei og i sør av elva Han Jiang. Desse to elvene renn ut i kvar sin hovudflod, Huangelva og Yangtze.

Fjella utgjer eit markant vegetasjonsskilje. Nord for fjella er det store tørre løssområde som eignar seg for dyrking av kveite. Sør for dei byrjar varmare og fuktigare landskap som dels er prega av store skogar, dels av risfelt.

Remove ads

Samferdsle

Baoji-Chengdu-jarnbana går gjennom området. Ho knyter Baoji i Shaanxi til Chengdu i Sichuan.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads