Quantum Key

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Quantum Key er det 149. albumet totalt og det 64. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i november 2015.[3]

Meir informasjon Tangerine Dream-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette er den niande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Quantum Key er det første albumet med musikk spelt inn etter at Edgar Froese døydde i januar 2015. Likevel er dei første tre av dei fire spora på albumet skriven av Edgar Froese, medan det siste er komponert av Thorsten Quaeschning og Ulrich Schnauss. Froese er òg oppført som musikar, dermed kan det vere at bandet alt arbeidde på desse komposisjonane då Froese uventa døydde, eller at dei er baserte på skisser han let att etter seg. Hoshiko Yamane spelar fiolin på alle dei fire spora.[3]

Produsent på plata er manageren til bandet og enkja etter Froese, Bianca Froese-Acquaye.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Tangerine Dream

  • Edgar Froese  synthesizer, gitar
  • Thorsten Quaeschning  musikalsk leiar, synthesizer, gitar, steel-trommer, bassgitar
  • Ulrich Schnauss  synthesizer, sequencer
  • Hoshiko Yamane  fiolin

Teknisk

  • Bianca Froese-Acquaye  plateprodusent
  • Birgir Jón Birgisson  mastering
  • Katja Zerull  printing
  • Ian Laidlaw  bandfotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads