Quimper

From Wikipedia, the free encyclopedia

Quimpermap
Remove ads

Quimper (Kemperbretonsk, Corspotiumlatinsk) er ein by og kommune i Bretagne nordvest i Frankrike. Byen har rundt 65 000 innbyggjarar, som vert kalla quimpérois. Quimper er prefecture (hovudstad) i departementet Finistère.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Geografi

Namnet Quimper kjem av det bretagnske ordet kemper, som tyder «samanløpande», fordi byen vart bygd der elvane Steir, Odet og Jet renn i hop.

Thumb
Quimper er med sin lokale arkitektur eit populært turistmål

Quimper ligg i ein vakker dal der elvane Odet og Steir renn i hop i det sørvestlege hjørnet av Bretagne. Byen ligg 55 km nordvest for Lorient, 175 km vest for Rennes og 485 km sørvest for Paris.

Historie

I antikken var byen hovudstad i La Cornouaille. I 495 vart byen eit bispedøme, og seinare hovudstad for grevane av Cornouailles. På 1000-talet vart det slått i saman med Hertugdømet Bretagne. Byen leid stort under Den bretagnske arvefølgjekrigen på 1300-talet. I 1364 gjekk hertugdømet over til Huset Montfort.

Under den franske revolusjonen fekk byen namnet Montagne-sur-Odet.

Attraksjonar

Byen har ein landleg atmosfære med sjarmerande gangbruer over elvane som renn gjennom han. Kyrkja Locmaria, ein romansk bygning frå 1000-talet ligg her, og mellom 1200- og 1500-talet vart den flotte Cathédrale Saint-Corentin de Quimper bygd, med sin storslåtte fasade i gotisk stil. Det er den eldste gotiske bygningen i nedre Bretagne. Dei to tårna på om lag 80 meter vart reist på 1800-talet. Domkyrkja har òg nokre usedvanlege glasmåleri som vindauge. Domkyrkja er tileigna den første biskopen i Quimper, Corentin.

I dag er byen mest kjend for keramikken Quimper faïence, som har vore laga her sidan 1690 etter modell av Jean-Baptiste Bousquet.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Quimper


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads