Quincy Douglas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Quincy Jonas Edward Samuel Douglas (fødd 7. september 1975 er ein norsk tidlegare sprintar frå Bergen, fødd i England. Han vart norsk meister på 400 meter ni gongar i tida 1996-2007 og vann ni NM-gull i 1000 meter stafett for Gular i perioden 1994-2007.
Remove ads
Quincy Douglas, som er ein yngre bror av Atle Douglas, spesialiserte seg på 400 meter. Han vart noregsmeister på distansen 1996-97, 1999-2001 og 2004-2007. Den 24. mai 1997 sletta han den tre år gamle noregsrekorden på 400 meter då han i Florø fekk notert 46,46 sekund, nøyaktig ein månad seinare forbetra han rekorden til 46,33 i Luzern. 29. mai 1999 flytta Douglas noregsrekorden til 46,19 i Florø. Vel ein månad seinare på Bislett stadion i Oslo sprang han i mål på tida 46,11 sekund, ein norsk rekord som vart ståande i 17 år.
Douglas var medlem i idrettslaget Gular. Åra 1994, 1997. 1999-2002, 2004, 2006-07 sprang han tredje eller fjerde etappe for Gular-mannskapa som sigra i 1000 m stafett under NM i friidrett. Han var elles ein habil 200-meterløpar med personbeste på 21,01 sekund, oppnådd i 2000. På den distansen sanka han to NM-sølv og like mange NM-bronsar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads