Qué Pasa av Babe Ruth
album av Babe Ruth From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Que Pasa er det sjette studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth, gjeve ut i 2007.
Mellom seint i 2005 og tidleg i 2006, kom det originale Babe Ruth, med Janita Haan, Dave Hewitt, Alan Shacklock, Dave Punshon og Ed Spevock saman att for å spele inn eit nytt album, tretti år etter det førre.[1] Alle utanom Spevock møttest i Nasvhille i USA, medan Spevock spelte trommene sine inn i London. Albumet var ferdig i september 2006, og vart tilgjengeleg digitalt på den offisielle nettsida til bandet i 2007. 11. august 2009 kom albumet ut i fysisk format på Revolver Records.
«Mother Tongue» er delt inn i part 1 og part 2, skild av ein coverversjon av instrumentale «Apache» av The Shadows.
Bandet la ut på ein suksessrik turné i Canada i juli 2010.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Alan Shacklock, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Babe Ruth
- Janita Haan - vokal
- Alan Shacklock - gitar, klaverinstrument, programmering, produsent og miksar.
- Dave Punshon - piano
- Dave Hewitt - bass
- Ed Spevock - trommer
- Gjestemusikar
- Kim Shacklock - sopranvokal (1-3)
- DJ Kidsmeal - turntables (2-7)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads