Río Negro-provinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Río Negro (spansk uttale [ˈri.o ˈneɣɾo], svart elv) er ein provins i Argentina, som ligg i det nordlege Patagonia. Naboprovinsane er frå sør med klokka Chubut, Neuquén, Mendoza, La Pampa og Buenos Aires. Mot aust ligg Atlanterhavet og mot vest ligg Los Lagos-regionen i Chile.
Hovudstaden er Viedma, han ligg nær utløpet til Rio Negro i provinsen i den austlege delen. Den største byen ligg i mot Andes i vest, Bariloche. Andre viktige byar inkluderer General Roca og Cipolletti.
Río Negro er ein av dei seks provinsane som utgjer argentinsk Patagonia. Provinsen har namn etter Río Negro i Argentina.
Coloradoelva er grenseelv mot La Pampa-provinsen i nord. Limayelva fungerer som den naturlege grensa mot Neuquénprovinsen i vest. Den 42. sørlege breiddegrada markerer den sørlege grensa mot Chubutprovinsen. Med eit areal på 203 013 kvadratkilometer er Río Negro den fjerde største provinsen etter areal.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads