Radika

From Wikipedia, the free encyclopedia

Radika
Remove ads

Radika (makedonsk og serbisk Радика, albansk Radikes) er ei elv sør i Serbia (Kosovo) og vest i Nord-Makedonia. Ho har ei lengd på 70 km og er ei sideelv til Svarte Drin.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Sjølve Radika er berre 52 km lang, men målt frå den fjernaste kjelda i nedslagsfeltet, som er elva Crni Kamen er ho 70 km lang.

Crni Kamen (Црни Камен; «Svart stein») har kjelda si på nordsida av fjellet Vratsa i Šar Planina nedanfor toppen Golema Vratsa (2 582 moh.). Crni Kamen renn vestover før ho brått snur sørover og munnar ut i grenseelva Ćafa Kadis.

Ćafa Kadis har kjelda si på sørsida av Vratsa og renn vestover og dannar i fleire kilometer grensa mellom Kosovo og Nord-Makedonia. Etter at ho mottar Crni Kamen frå høgre og ei anna elv frå Kosovo renn ho innover i Nord-Makedonia og får frå dette punktet namnet Radika.

Radika munnar ut i Svarte Drin (Crni Drim) like sør for Debar. Svarte Drin renn vidare mot Adriahavet gjennom Albania. Radika har eit nedslagsfelt på 665 km² og kan ikkje nyttast til elvefart.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads