Radium
grunnstoff med kjemisk symbol Ra og atomnummer 88 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Radium er eit radioaktivt grunnstoff med kjemisk symbol Ra og atomnummer 88. Det høyrer til jordalkalimetalla i gruppe 2 i periodesystemet.
Remove ads
Eigenskapar
Radium kan sjå nesten heilt kvitt ut, men blir svartare om ein utset det for luft.
Ein finn små mengder av stoffet i uranførekomstar. Den mest stabile isotopen av stoffet er Ra-226, som har ei halveringstid på 1602 år og blir brote ned til radon.
Bruk
Ein bruker radium til å produsera radon til strålebehandling av kreft, noko som har gjeve namn til det norske Radiumhospitalet.
Stoffet er svakt sjølvlysande og vart derfor ei tid brukt til å måla visarar på klokker og måleinstrument. Dette slutta ein med på 1920-talet etter at meir enn hundre tidlegare målarar hadde døydd av å utsetjast for strålinga.
Blanda med beryllium gjer radium frå seg nøytron og kan brukast i fysikkeksperiment.
Remove ads
Sjå også
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads