Radka Toneff

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Radka Toneff
Remove ads

Radka Toneff (25. juni 195221. oktober 1982) var ein norsk jazzmusikar og komponist. Frå 1975 til 1980 var mellom anna Arild Andersen og Jon Eberson med i kvintetten Radka Toneff Quintet. I 1977 vann Radka Toneff Spellemannprisen i klassen vokalist for plata Winter Poem. I 1980 deltok ho i Melodi Grand Prix der ho framførte songen «Parken» av Ole Paus.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Under Spellemannprisen 1993 vann ho prisen i klassen jazz for Live in Hamburg, som vart utgjeven posthumt, 11 år etter at Toneff døydde.

Remove ads

Liv

Toneff vart fødd i Oslo som dotter av den bulgarske folkesongaren Toni Toneff og Lilly-Ann Drivenes.[1] Ho voks opp på Lambertseter i Oslo og på Kolbotn. Seint på 1960-talet blei ho del av musikkmiljøet rundt Club 7.[1]

Ettermæle

Radka Toneffs Minnefond blei oppretta til minne om henne,[1] og står bak utdelinga av Radka Toneff Minnepris.

Toneff er minna i diktet «Der bjørketreet stod» av Jan Erik Vold.[1]

Plata Fairytales vart kåra til «tidenes norske plate» av 100 norske musikarar på oppdrag fra Morgenbladet (2011).[2][3]

Plater

  • Winter poem (1977)
  • It don’t come easy (1979)
  • Fairytales (Odin Records, 1982)
  • Live in Hamburg (Odin Records, 1993)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads