Ragnar Frislid

norsk forfattar og fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ragnar Frislid (29. juni 192614. juni 2009) var ein norsk fotograf, redaktør og forfattar frå Oslo.

Kjappe fakta

Frislid starta arbeidskarrieren sin som skogsarbeidar. Seinare vart han journalist i Dagbladet, redaktør i NJFF sitt tidsskrift Jakt - fiske - friluftsliv (no: Jakt & Fiske), redaktør i Den norske Turistforening sitt tidsskrift Fjell og vidde, og Norges Naturvernforbund sitt medlemsblad Norsk natur (no: Natur & miljø). Dette bladet styrte han i 21 år, frå 1966 til 1987.

Han var medlem i foreininga Norske Naturfotografer der han i ein periode også var leiar. Han var elles tilknytt biletbyrået Samfoto.

Frislid har bidrege med fotografi og illustrasjonar til mange bøker om natur. Ved sida av eigne bøker har Frislid vore ein aktiv bakmann og oppdragsforfattar. Han har skrive bøker til jubilé, til «tema-år», og for fjernsynsprogram. I tillegg har han omsett og vore biletredaktør. Sjølv reknar han Treet som den beste boka si. På 1980-talet laga han i sju år kvar veke kåseri for radio, og han var fast medarbeidar for bladet Hytteliv i over 20 år.

Frislid mottok Den Norske Friluftslivsprisen i 1995.

Remove ads

Bøker

Litteratur om Frislid

  • Morten Haugen. Standplass ved bokhylla (1998)
  • Intervju i Norsk natur nr 1, 1986
  • Intervju i Natur & miljø nr 4, 1996 (attgjeve i årboka natur 96/97)
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads