Ralik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ralikmap
Remove ads

Ralik-kjeda er ei øykjede i Marshalløyane i Stillehavet. Ralik tyder 'solnedgang', medan namnet på den andre øykjeda i Marshalløyane, Ratak, tyder 'soloppgang'. Innbyggjartalet på Ralikøyane var 19 915 i 1999. Øygruppa har ca. 20 000 innbyggjarar. Mange øyar er ikkje folkesette, og på Bikiniatollen i øykjeda kan ein ikkje bu på etter ei rekkje prøvesprengingar her på 1940- og 1950-talet.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Marshalløyane med Ralik- og Ratakøyane
Remove ads

Geografi

Ralik-kjeda ligg ca. 200 km vest for Ratakøyane, og strekkjer seg ca. 1 300 km i nordvestlig retning. Ralik-kjeda består av 15 atollar og 3 øyar.

Historie

Thumb
Administrativt kart over Marshalløyane frå 1897.

Ralik-øyane har truleg vore folkesett av mikronesiarar sidan ca. 1000 f.Kr. Dei blei oppdaga av europearar i 1526 av den spanske kapteinen Alonso de Salazar, og blei også vitja av Álvaro de Saavedra kring 1529. Øyane kom seinare under spansk suverenitet.

Neuguinea-Compagnie, eit tysk handelsselskap, etablerte seg på Ralik-kjeda kring 1859. 22. oktober 1885 kjøpte Det tyske keisarriket alle Marshalløyane av Spania. Selskapet forvalta øyene fram til 13. september 1886, då området blei eit tysk protektorat. I 1906 blei det ein del av Tysk Ny-Guinea.[1] Japanarar vitja øyane i 1885.

Under første verdskrigen blei området okkupert av Japan i oktober 1914, som i desember 1920 fekk eit forvaltingsmandat det japanske stillehavsmandatet over området av Folkeforbundet etter Versaillestraktaten i 1919.

Under andre verdskrigen blei øygruppa brukt som militærbase av Japan frem til USA erobra området våren 1944. Deretter kom øygruppa under amerikansk kontroll. Marshalløyane blei ein heilt sjølvstendig republikk i 1986.[1]

Remove ads

Øyar og atollar i Ralik

Thumb
Kili er ei av øyane i Ralik.
  • Enewetak
  • Ujelang
  • Bikiniatollen
  • Rongdrik
  • Rongelap
  • Ailinginae
  • Wotho
  • Ujae
  • Lae
  • Kwajalein
  • Lib
  • Namu
  • Jabat
  • Ailinglaplap
  • Jaluit
  • Kili
  • Namdrik
  • Ebon

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads