Ram Narayan
indisk komponist og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ram Narayan (25. desember 1927–9. november 2024) var ein indisk sarangispelar og utøvar klassisk indisk hindustanimusikk. Narayan vart fødd i Udaipur i den noverande indiske delstaten Rajasthan. Han fekk prisen Padma Vibhushan av den indiske presidenten i 2005.
Narayan auka statusen til sarangien til eit modern soloinstrument. Han gjorde det kjent utanfor India, og var den fyrste sarangispelaren som hadde internasjonal suksess. Sultan Khan følgde seinare i fotspora hans.[1][2][3] Narayan sin forenkla fingerteknikk gjorde at han kunne spela glidande tonar (meend),[4] og stilen hans påverka andre sarangispelarar som følgde han både i spelestil og toneskaping.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads