Rambutan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rambutan (Nephelium lappaceum) er eit tropisk frukttre i lønnefamilien. Det er eit breikrona tre som blir opptil 15 m høgt.[1] Det er nært i slekt med dei liknande fruktene litchi, longan og mamoncillo.[2][3][4]
Rambutan stammar frå Malaysia. Det blir dyrka i heile Søraust-Asia for den velsmakande frukta si, som liknar på litchi. Skalet på frukta er raudt, rosa eller gult med lange hår.[1] Fruktkjøtet er gjennomskinneleg og kvitleg eller svært lyst rosa på farge.
Namnet «rambutan» er avleidd av malaysisk rambut, som tyder 'hår'.[2] I Vietnam blir ho kalla chom chom eller vai thieu, på kinesisk shao tzu og på kambodsjansk ser mon eller chle sao mao.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads