Ramphastos
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ramphastos er ei biologisk slekt med sju store artar i tukanfamilien (Ramphastidae). Dette er dei store, klassiske artane av tukanar; iaugefallande fargerike tropiske fuglar med leveområde i den neotropiske regionen.
Slekta Ramphastos vart introdusert i 1758 av den svenske naturforskaren Carl von Linné i den tiande utgåva av hans Systema Naturae.[1] Namnet er frå gammalgresk ῥαμφηστης/rhamphēstēs som tyder «snuta» (frå ῥαμφη/rhampē: «nebb»).[2] Typearten vart seinare peika ut som vinnebbtukan (Ramphastos tucanus).
Remove ads
Skildring

Tukanane i Ramphastos er særleg kjende for dei ekstremt store, fargerike nebba sine, som blir nytta til mellom anna temperaturregulering, næringssøk og sosial kommunikasjon. Fjørdrakta blant artane har liknande mønster. Fellestrekk er overside i svart, fleire med lillaskjær. Strupen og brystet er anten kvite, gule eller raudfarga, den relativt korte stjerten er nokså rektangulær, og dei har dekkfjører over og under halefjørene som er raude. Det lange og variabelt farga nebbet er fleirfarga og distinktivt. Hoa har gjennomgåande kortare nebb enn hannen. Huda i områda rundt auga er naken og sterkt farga i oransje, lyst grønt, blått eller raudt. Nokre har i tillegg ein farga augering.
Leveområdet for slekta er frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika og over store delar av Sør-Amerika sør til nordlegaste Argentina, men med fråvære frå Chile og Uruguay. Det typiske habitatet er i fuktige låglandsskogar. Dei som lever høgast kan vere gulnebbtukan Ramphastos ambiguus, opptil 2000 meter over havnivå langs austsida av Andes, og raudbuktukan Ramphastos dicolorus, som treffast over 2000 moh. vest for Rio de Janeiro.
Fleire av Ramphastos-tukanane er sosiale og opptrer ofte i flokkar. Typisk vil dei samlast i grupper tett på ei grein eller i eit tett tre for å kvile om natta.
I tillegg til vokalt læte, kan Ramphastos-tukanane klappe med nebbet og nokre vokale lydar kan høyrast ut som mekaniske. Gulnebbtukan og vinnebbtukan «syng» ved å bruke bjeffande, frasebygde lydar. Lætet frå dei fem andre artane er kalla «kvekk-læte» (engelsk croakers), og desse artane gjentek eit einskilt «eerk»-liknande skrik i monotone seriar.[3] Lætet frå raudbuktukan er dessutan skildra som «tutande».[4]
Remove ads
Artsoversyn
Medlemmer av Ramphastos i rekkjefølgje etter AviList v2025:[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
