Rankweil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rankweil er ein by og ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 21,9 km² med om lag 11 700 ibuarar i 2015. Byen Rankweil ligg 468 meter over havet. Rundt 70% av Rankweil ligg på ei elveslette, resten i eit kupert bakkeland mot aust.
Staden er særleg kjend for valfartskyrkja Liebfrauenkirche, som ligg oppe på ein bergknaus.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rankweil» frå Wikipedia på tysk, den 22. desember 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads