Raphia

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Raphia
Remove ads

Raffiapalmar (Raphia) er ei slekt med palmar som hovudsakleg er utbreidde i tropisk Afrika. Ho omfattar rundt 20 artar.[1] Fleire av artane har bruksområde som kan ha stor økonomisk tyding, til dømes som opphav til fiber og palmevin.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Raffiapalmar er svært kraftige plantar. Nokre av dei er treforma, medan andre manglar stamme. Blada er fjørflika og store. Raphia regalis kan få opptil 25 meter lange blad, noko som gjer dei til dei største blada som finst. Plantane er sambu med skilde hann- og hoblomar på same plante. Frukta er stor, avlang og dekt av overlappande skjel som gjer at ho minnar om ein kongle. Ho inneheld eitt frø.[1] Plantane er monokarpe, slik at dei døyr etter blomstring og fruktsetjing.[1]

Remove ads

Vekstområde

Palmane veks som regel i sumpområde. Dei er utbreidde i Afrika sør for Sahara, og éin art finst både i Mellom- og Sør-Amerika og i Vest-Afrika. Ein av dei afrikanske artane finst også på Madagaskar, men han kan blitt innført dit av menneske.[1]

Bruk

Fleire av artane har stor økonomisk tyding. Raffia er plantefiber som blir framstilt ved å riva av dei ytre laga på unge småblad. Dette blir nytta til ei rekkje føremål, mellom anna korger og hyssing. Ein har også laga klede av plantefibrane.[1] Bladslirene til Raphia hookeri kan brukast som piassava. Bladstilken blir brukt som erstatning for bambus i møblar og husbygging, og småblada blir brukte til taktekking. Ein kan laga palmevin av safta ein får ved å tappa stammen. Fruktene av nokre artar kan brukast til å framstilla matolje, og fruktene blir også brukte til å forgifta fisk.

Artar

  • Raphia africana Otedoh – søraustlege Nigeria, Kamerun
  • Raphia australis Oberm. & Strey – sørlege Mosambik, Sør-Afrika
  • Raphia diasticha Burret – vestlege og vestleg-sentrale deler av tropisk Afrika
  • Raphia farinifera (Gaertn.) Hyl. – tropisk Afrika, Madagaskar
  • Raphia gabonica S.Mogue, Sonké & CouvreurGabon
  • Raphia gentiliana De Wild.Den sentralafrikanske republikken, nord og aust i Den demokratiske republikken Kongo
  • Raphia hookeri G.Mann & H.Wendl. – vestlege og vestleg-sentrale deler av tropisk Afrika til Angola
  • Raphia laurentii De Wild. – frå sør i Den sentralafrikanske republikk til Angola
  • Raphia longiflora G.Mann & H.Wendl. – frå sør i Nigeria til vest i Den demokratiske republikken Kongo
  • Raphia mannii Becc. – sør i Nigeria, Bioko
  • Raphia matombe De Wild.Cabinda, sør i Den demokratiske republikken Kongo
  • Raphia monbuttorum Drude – frå sør i Nigeria til vest i Den sentralafrikanske republikk og Sør-Sudan
  • Raphia palma-pinus (Gaertn.) Hutch. – vest i tropisk Afrika
  • Raphia regalis Becc. – sørlege Nigeria til Angola
  • Raphia rostrata Burret – vestleg-sentrale deler av tropisk Afrika
  • Raphia ruwenzorica Otedoh – aust i Den demokratiske republikken Kongo, Rwanda, Burundi
  • Raphia sese De Wild. – Den demokratiske republikken Kongo
  • Raphia sudanica A.Chev. – vest i tropisk Afrika til Republikken Kongo
  • Raphia taedigera (Mart.) Mart.Costa Rica, Nicaragua, Panama, Colombia, amazonasmunningen i Brasil, Kamerun, Nigeria
  • Raphia textilis Welw. – vestleg-sentrale deler av tropisk Afrika til Angola
  • Raphia vinifera P.Beauv. – Nigeria til Sør-Sudan
  • Raphia zamiana S.Mogue, Sonké & Couvreur – sørvestlege Kamerun, vestlege Gabon
Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads