Volda kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Volda kommune
Remove ads

Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca. 11 200 innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i aust mot Stranda kommune, i sørleg retning mot kommunane Stad og Stryn, og i vest mot Vanylven kommune. Volda har sjøgrense mot Ulstein. Mellom Yksnøya i Volda og Eika i Ulstein er det berre 300 meter.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda og lengst ute på Berkneshalvøya ligg Lid og Berkneset, og på andre sida av Vartdalsfjorden ligg Yksnøya.

I tettstaden Volda finn ein mellom anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).

Mork/Ekset er ein «forstad» til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som mellom anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket.

Volda ferjeterminal er det einaste attverande ferjesambandet i Volda kommune, og knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden i tillegg til Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum. Ferjeturen til Folkestad tar rundt 12 minutt, medan det går 25 minutt til Lauvstad.

Remove ads

Historikk

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta skilt ut som og etablert som eigen kommune. Volda hadde då 3485 innbyggjarar, Ørsta 2070.[1]

1. januar 1893 vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar overført til Volda.[1]

1. juli 1924 vart Dalsfjord delt frå som eigen kommune med 960 innbyggarar. Volda hadde 4715 innbyggjarar etter oppdelinga.[1]

1. januar 1964 vart Dalsfjord igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6056 innbyggjarar og Dalsfjord 1151, slik at den nye Volda kommune totalt fekk eit innbyggjartal på 7207.[1]

I juni 2017 vedtok kommunestyra i Volda og Hornindal at dei to kommunane skulle slå seg saman 1. januar 2020, med namnet Volda.[2] Bygdene Bjørke og Viddal vart overført frå Ørsta kommune same tid.

Remove ads

Tettstader i Volda kommune

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Volda kommune frå 1900:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...

Kjende folk frå Volda kommune

Kjende personar frå tidlegare Hornindal kommune

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads