Rattray Head

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rattray Head
Remove ads

Rattray Head (tidlegare Rattray Point) er eit nes i Buchan i Aberdeenshire, på nordaustkysten av Skottland. Lenger nord ligg Strathbeg Bay og i sør Rattray Bay. Sanddynene ved stranda på Rattray Head kan verte opp til 25 meter høge og strekkje seg 25 km frå St Combs til Peterhead.[1][2]

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Utsyn sørover over sanddynene ved Rattray Head
Remove ads

Rattray Head fyr

Det 36,5 meter høge[1][2] Rattray Head fyr vart bygd i 1895.[3][4] Det vart bygd av ingeniørane og brørne David Alan Stevenson og Charles Alexander Stevenson. I februar 1982 vart fyret avfolka og heilt automatisert.[1][2]

Ein kan nå fyret via ei vegfylling, som er under vatn det meste av tida og berre synleg ved fjøre sjøre. Vegfyllinga er brei nok til at ein kan køyre med bil over.

Det ligg restar av fleire forliste skip på stranda i dag.[1][2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads