Raud skogfrue

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Raud skogfrue
Remove ads

Raud skogfrue (Cephalanthera rubra) er ei plante i skogfrueslekta Cephalanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Raud skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga Thumb

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Cephalanthera
Art: C. rubra
Vitskapleg namn
Cephalanthera rubra
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia og nordvestlege Afrika
Remove ads

Utsjånad

Raud skogfrue er, som den nære slektningen kvit skogfrue, ei av dei mest elegante blomsterplantene i Noreg. Planta blir opp mot 50 centimeter høg og har eit glisent aks av raude blomar med raudt midtparti.[3]

Utbreiing

Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Sentral-Asia.

Arten lever i glisen, kalkrik skog, og har nokre få kjende veksestader frå Ringerike til Kragerø, med ein førekomst i Østfold.[4]

Arten er særs sjeldsynt i Noreg, og derfor totalfreda.[5] Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN),[6] har ein egen handlingsplan,[7] og som ein av svært få artar er han òg verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.[8]

Arten finst òg i Sverige (status NT, svensk namn röd skogslilja),[9] i Danmark (CR, dansk namn rød skovlilje)[10] og i Finland (CR, finsk namn punavalkku).[11]

Raud skogfrue (engelsk namn red helleborine) finst på nokre få veksestader i England og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[12] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[13] likeeins lokalt for England.[14]

I Estland (estisk namn punane tolmpea) veks raud skogfrue på øyane og meir spreidd på fastlandet og er rekna som sårbar (VU).[15] I Latvia (latvisk namn sarkanā cefalantēra)[16] er arten svært sjeldan og veks berre ved kysten heilt i nordvest. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[17] I Litauen (litauisk namn raudonasis garbenis) veks raud skogfrue i nokre få populasjonar i sør og søraust og er rekna som sterkt truga (EN).[18][19]

I Benelux er arten (nederlandsk namn rood bosvogeltje, fransk namn céphalanthère rouge) svært sjeldan og no berre kjend frå ein veksestad. Han har ikkje vore kjend frå Flandern, men er no registrert med eit funn frå 2022. I Vallonia fanst han tidlegare i kalkområda i aust, men er no rekna som utdøydd.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd),[22] I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, éteint) i Vallonia.[23] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[24]

Remove ads

Hybridar

I Sverige er det registrert ein hybrid mellom raud skogfrue og kvit skogfrue (Cephalanthera damasonium × rubra eller Cephalanthera ×otto-hechtii)[25] med svensk namn hybridskogslilja, berre observert på Gotland.[26]

Referansar

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads