Raudstrupekarakara

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Raudstrupekarakara
Remove ads

Raudstrupekarakara (Ibycter americanus) er ein sosial rovfugl i falkefamilien Falconidae. Han er utbreidd i skogshabitat over nordlege Sør-Amerika og har ein minkande fragmentert populasjon i Mellom-Amerika nord til Honduras. Særeigent for karakaraer, lever raudstrupekarakaraer hovudsakleg av larvene til bier og kvefs, men tar også vaksne insekt samt frukt og bær.[1]

Kjappe fakta

Arten er monotypisk.[2] Slektsnavnet Ibycter er frå det antikke greske 'ibuktēr' som tyder «ein som syng krigssongar».[3]

Remove ads

Skildring

Raudstrupekarakara liknar svartkarakara, men dei skil seg ved større storleik og fjørdrakt som hovudsakleg er svart, der buken er kvit. Både ansikt og strupe hos raudstrupekarakara er nakne med nokre få svarte fjører spreidd på halsen; den eksponerte huda er raud. Halen er lang og undersida er kvit. Kroppslengda er gjeve med ulike verdiar frå fleire felthandbøker, og varierer i området 48 til 56 cm. Kjønna av raudstrupekarakaraer er like i utsjånad, hofuglar har størst kroppslengde og masse.[1][4]

Utbreiing og habitat

Det naturlege habitat er subtropiske eller tropiske fuktige låglandsskogar og subtropiske eller tropiske fuktige fjellskogar i eit område som svarar til Amazonasbekkenet, i Brasil så langt sør som inn i delstaten São Paulo, i Venezuela vestover til og med Bolívar i Venezuela. Dessutan i vestlegaste Ecuador og Colombia, og svært fragmentert og sparsamt i Mellom-Amerika nord til Honduras og nordlege Nicaragua. Han er kanskje utdøydd i Mexico.[5]

Åtferd og økologi

Raudstrupekarakaraen søkjer føde oppe i trekroner og i mellomsjiktet av låglands regnskog, og søkjer hovudsakleg etter insektbol. Dei fleste raudstrupekarakaraer jaktar lydlaust, men gjer av og til mjuke rop og jaktar nokre gonger i grupper. Ved gruppejakt speidar eit eller to individ etter predatorar høgt i kronesjiktet, medan den flokken som er att jaktar i lågare. Raudstrupekarakaraen er svært territoriale, med fire til åtte individ i ei gruppe.[5]

Den langsame, anstrengte flukta til raudstrupekarakaraen gjer han eigna til å flyge under kronesjiktet i skogen der vegetasjonen er tynn. Han flyg sjeldan høgt over trekronene, og aldri i høg glideflukt. Fuglar som søkjar etter mat kan komme ned nær bakken og er spesielt lite redde. Kosthaldet deira består hovudsakleg av egg og larver av bier og kvefs, som dei får ved å åttake og rive opp bola med stor kraft, tilsynelatande utan å bli stukken. Dei et også litt frukt. Vokaliseringane deira er eksepsjonelt høge, med vanlege skrikande læte inkludert ein hås "kra-kra-kra-kra-kow" eller "kra-kow", ein mjuk, gjentatt "krowh", og ein fjerntgående "krraah" frå flygande fuglar.

Meir sparsam vegetasjonen på lågare nivå gjev raudstrupekarakaraen utsikt til å oppdage både predatorar og mogleg føde. Både ornatskogørn (Spizaetus ornatus) og kalottskogørn (Spizaetus melanoleucus) er kjende predatorar på raudstrupekarakara.[5]

Inntil 2013 var det svært lite kjent om arten sin åtferd for å finne føde før kanadiske biologar brukte månader på å forske på fuglane ved hjelp av kameraovervaking i Fransk Guyana. Videoopptak frå studien har synt at raudstrupekarakaraer åtakar, riv opp og nokre gonger riv laus kvefsebol med ein effektiv teknikk. Dei gjer det med kraft og høg fart og i stupdukk, og straks fjernar seg frå bolet. Strategien involverer presise rørsler med koordinerte og gjentatte åttak, i studien mest vanleg av to fuglar, nokre gonger tre fuglar og i 2 av 11 observasjonar av berre ein fugl. Vanlegvis vil kvefsane sky bolet framfor å verne det om det har fått store skader. På det viset er fuglane i stand til å unngå å bli stukke av vepsane.[6]

Remove ads

Status

Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer arten som globalt livskraftig. I Mexico er han rekna som utdøydd[5] og storleiken på populasjonen er globalt minkande.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads