Rave On
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Rave On» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty i 1958. Han vart først spelt inn av West for Atlantic Records, som gav ut sin versjon i februar 1958.[1] Buddy Holly spelte inn songen seinare det same året, og hans versjon vart ein hit. Det er ein av dei seks innspelingane hans som gjekk inn på salslista i 1958.
Remove ads
Bakgrunn
Dei fleste av Holly sine innspelingar var produserte av Norman Petty, som òg var manager for Holly, og dei spelte inn musikken i studioet til Petty i Clovis i New Mexico. «Rave On» vart derimot produsert av Milton DeLugg og spelt inn i New York City. Tittelen var inspirert av Sun Records-innspelinga «Dixie Fried» av Carl Perkins frå 1956, der «rave on» vert nytta i refrenget. B-sida til Holly-singelen var «Take Your Time».
Holly si utgåve av «Rave On» er rangert på 155. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]
Remove ads
Innhald
Første utgåve
- «Rave On»
- «Take Your Time»
Tysk utgåve
Som Buddy Holly and the Crickets
- «Rave On»
- «Ready Teddy»
EP (britisk)
- «Rave On»
- «Take Your Time»
- «Early in the Morning»
- «Now We're One»
Andre versjonar
Coverversjonar av «Rave On» har blitt spelt av Bruce Springsteen and The E Street Band, Commander Cody, Status Quo, M. Ward og folkrockbandet Steeleye Span. Han vart ein hit for The Delta Cross Band i Danmark i 1980.
- Joe Meek produserte ein versjon med songaren Michael Cox, som kom ut i 1964.
- John Mellencamp spelte inn ein versjon av songen for filmen Cocktail i 1988.
- The Real Kids spelte inn ein versjon i 1977.
- Nitty Gritty Dirt Band spelte inn ein versjon i 1970 for albumet Uncle Charlie & His Dog Teddy.
- Steeleye Span spelte inn ein versjon som etterlikna Buddy Holly i 1971 på albumet Please to See the King.
- M. Ward spelte ein versjon av songen i 2009 for albumet Hold Time.
- Denny Laine, gitaristen for banda Wings og Moody Blues, spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet hans til Holly i 1977, Holly Days, som var produsert av Paul McCartney.
- Marshall Crenshaw framførte songen på konsertar og eit konsertopptak kom ut på konsertalbumet hans Marshall Crenshaw.
- Julian Casablancas spelte inn ein versjon av songen for hyllestalbumet Rave On Buddy Holly i 2011.
- Cliff Richard spelte inn ein versjon av songen i 2013 for albumet The Fabulous Rock 'n' Roll Songbook.
- Terry Manning spelte ofte songen på konsertane sine og eit konsertopptak kom ut på ei seinare utgjeving.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads