Ray Clemence

britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ray Clemence
Remove ads

Raymond Neal Clemence (5. august 194815. november 2020) var ein engelsk fotballspelar frå Skegness. Han var med om å vinne den engelske ligaen fem gongar og europacupen tre gongar som Liverpool-spelar, og både den europeiske UEFA-cupen og den engelske FA-cupen med Liverpool FC så vel som med Tottenham Hotspur. Clemence var Englands landslags-målvakt i 61 kampar.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Clemence fekk sin ligadebut med tredjedivisjons-laget Scunthorpe United vårsesongen 1966. Sommaren 1967 vart han overført til Liverpool FC mot 18 000 pund. Dei tre fyrste sesongane fekk han lite speletid. Frå sesongstart i august 1970 hadde han burt på målvaktsplassen i 11 sesongar. Med Liverpool vann han i 1973 ligaen og UEFA-cupen, i 1974 FA-cupen og i 1976 på ny ligaen og UEFA-cupen. Våren 1977 tok han og Liverpool ligapokalen og for fyrste gong sigeren i den store europacupen. Året etter forsvarte Liverpool meistertittelen i europacupen, der etter vann laget ligaen i 1979 og 1980, før Clemence i 1981 var med på den tredje triumfen i europacupen for serievinnarar.

Sommaren 1981 skifta Clemence arbeidsgjevar. Han kosta Tottenham 300 000 pund og var der med om å vinne FA-cupen 1982, etter siger over Queens Park Rangers i finalen. To år seinare tok Tottenham seg til finalespel mot belgiske Anderlecht i UEFA-cupen, eit suksessfullt oppgjer Clemence ikkje tok del i, grunna skade. Ein akhilles-skade han fekk i ein fotballkamp i oktober 1987 gjorde at han la opp ved sesongslutt.

Landslagsspel

Clemence vakta det engelske målburet i 61 landskampar frå november 1972 til november 1983. Under EM i fotball 1980 spelte han fyrste og siste kampen til England, Peter Shilton den mellomste. Den 9. september 1981 måtte Clemence og landslags-lagkameratane reise heim med tap frå Oslo, ettersom Noreg sigra med 2-1 i VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. Under Fotball-VM 1982 i Spania sleit Clemence reservebenken.

Merittar

  • Vinnar av Europacupen: 1977, 1978 og 1981 med Liverpool FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1973 og 1976 med Liverpool FC, 1984 med Tottenham Hotspur
  • Engelsk ligameister: 1973, 1976, 1977, 1979 og 1980 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1974 med Liverpool FC og 1982 med Tottenham Hotspur
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads