Peter Shilton
britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peter Leslie Shilton (fødd 18. september 1949) er ein britisk-engelsk fotballspelar som vakta målet til England i 125 landskampar gjennom tjue år, 1970-90. Han spelte heile 1390 obligatoriske fotballkampar, meir enn nokon annan spelar. Shilton var i alle år aktiv i engelske fotballklubbar. Lengst teneste hadde han i Leicester City og Nottingham Forest, suksess opplevde han einast med laget frå Nottingham.
Remove ads
Aktiv
Klubbspel
Shilton var målvakt i Leicester City frå mai 1966 til november 1972. Han deltok i 286 ligakampar for laget og stod i mål då klubben tapte FA-cupfinalen 1969 med 0-1 mot Manchester City. Etter knappe tre magre sesongar i Stoke City vart han i september 1977 overført til det Nottingham Forset, eit lag som vann den engelske ligaen i hans fyrste sesong. Der etter var Shilton med om å vinne ligacupen 1979 og europacupen både i 1979 og 1980. Frå sommaren 1982 spelte i fem sesongar for Southampton FC og så like lenge for Derby County, begge stadene utan nemnande suksess. Sidan 1992 hadde ei mislukka tid som spelande trenar i Plymouth, før han sleit reservebenkar i fem ulike klubbar i tida 1995-97.
Landslagsspel
Shilton fekk sin landslagsdebut i november 1970. Det neste tiåret stod valet om målvaktsplassen til det engelske landslaget mellom Shilton og Ray Clemence, som ofte veksla om å bere nummer 1-trøya. Inn i 1980-åra var Shilton det soleklare fyrstevalet og han var med i Englands-troppa til EM 1980, VM 1982, VM 1986, EM 1988 og VM 1990. Under verdsmeisterskapen i Italia spelte han sin 125. og siste landskamp då vertslandet i Bari slo England 2-1 i kampen om bronsemedaljane.
Merittar
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Peter Shilton» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads