Ray Collins
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ray Collins (19. november 1936–24. desember 2012) var ein amerikansk musikar.
Remove ads
Collins voks opp i Pomona i California og song i skulekoret sitt. Han slutta vidaregåande skule for å gifte seg.[1]
Collins starta musikkarrieren sin med å synge falsett korvokal for forskjellige doo-wop-grupper i Los Angeles-området seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra,[1] mellom andre Little Julian Herrera and the Tigers. I 1964 danna Collins, trommeslagaren Jimmy Carl Black, bassist Roy Estrada, saksofonisten Dave Coronado og gitaristen Ray Hunt The Soul Giants. Hunt vart etter kvart erstatta av Frank Zappa, og gruppa utvikla seg til Mothers of Invention.[1] Collins var solovokalist på dei tidlege albuma deira, som Freak Out!, Absolutely Free og Cruising with Ruben & the Jets. I 1968 slutta Collins i The Mothers of Invention, men vart med på forskjellige Zappa-prosjekt utover 1970-åra. [1]
Collins budde i Claremont i California fram til han døydde julaftan 2012, 76 år gammal.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads