Reading i Berkshire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Reading er ein by og ei sameint styresmakt i Berkshire i England. Han ligg ved staden der elvene Themsen og Kennet renn saman, omkring halvveges mellom London og Oxford. Byen er ved sida av London eit av dei viktigaste forretningssentera i det søraustlege England, og fleire store britiske og multinasjonale selskap har hovudkvartera sine der.
Remove ads
Historie
Ei busetjing vart grunnlagt på staden på 700-talet. Han hadde namnet Readingum, som anten kjem frå angelsaksisk for «Readdas-folket sin stad», eller frå keltisk Rhydd-Inge, «vadestaden»; den angelsaksiske teorien er den mest plausible. I 871 vart han erobra av vikingar. Då Domesday Book vart nedteikna i 1086 hadde han 600 innbyggjarar, og var ein borough, som moderne forstad tyder valkrins men som den gong viste til at det var ein befesta by. I mellomalderen kom mange pilegrimar til Reading Abbey.
Ved slutten av 1500-talet var Reading den største byen i Berkshire, med over 3000 innbyggjarar. Han var ein viktig kamparena under den engelske borgarkrigen. Byen skifta hende fleire gonger. På trass av gode festningar varte den lengste kringsetjinga, i april 1643, berre ti dagar. Reading var òg åstad for mange samanstøytar under den ærerike revolusjonen i 1688
I 1801 hadde byen omkring 9400 innbyggjarar, og han heldt fram å vekse. Produksjonsindustrien voks òg, og frå 1832 sende byen to representantar til parlamentet. Eit bystyre vart innført i 1839, og to år seinare kom jarnbana; endå ei jernbanelinje vart bygd i 1849. I 1851 var det 21 500 innbyggjarar, meir enn ei dobling på 50 år. Han fekk status som eit eige grevskap i 1887, og innan 1900 hadde folketalet igjen vorte dobla, til 59 000.
Blant særleg viktige varer som vart produsert var øl (spesielt India Pale Ale, som vart oppfunnen i Reading), planteknollar og kjeks. Sidan dette på engelsk heiter beer, bulbs og biscuits vart industrien til byen ofte referert til som The Three Bs, «Dei tre B-ane».
Byen fortsette å vekse på 1900-talet. I 1911 vart Caversham i Oxfordshire, på den andre sida av Themsen, innlema i Reading. I seinare år har det kome til ei rekkje nye bustadområde, og mange pendlarar har slått seg ned der. Det har òg kome til fleire kjøpesenter.
Remove ads
Idrett
Reading FC spelar i Football League Championship, og har heimebana si på Madejski Stadium.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads