Berge-regjeringa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Regjeringa Abraham Berge tiltredde 30. mai 1923 etter at statsminister Otto B. Halvorsen døydde i embetet. Som den avgåtte regjeringa, var også denne ei samarbeidsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.
Remove ads
Riksrett mot statsminister Berge si regjering
Abraham Berge og seks av statsrådane, blant desse Venger, vart i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa Berge hadde i 1923 løyvd pengar for å støtte Den norske Handelsbank, utan å informere Stortinget.
Den 14. juli 1926 trefte Odelstinget følgande vedtak:
«Det skal reisast riksrettssøksmål mot statsminister h. v. Abraham Berge og statsrådene O. Klingenberg, C.F. Michelet, C. Middelthon, J. Rye Holmboe, A. Venger og K.W. Wefring for at dei
- 1. ved ei ordning, som dei fekk til eller var med på i tidi 25.-31. mai 1923, let A/S Den norske handelsbank få eit innskot stort 25 millionar krunor i statsvekslar, og at dei ved dette gjekk fram på ein måte, som ikkje er samhøveleg med riksskipnaden;
- 2. i statsråd hjå Kongen den 19. januar 1924 ikkje kom fram med upplysning um innskotet på 25 millionar krunor i A/S Den norske handelsbank og let Kongen vedtaka ei misvisande uppgave til Stortinget yver dei innskot staten hadde i innanlandske banker;
- 3. den gongen dei ved fyrehavingane i Stortinget 7. og 8. april 1924 fekk vedteke framlegget um statsgaranti for A/S Den norske handelsbank for upp til 15 millionar krunor, dulde for Stortinget, at banken tidlegare hadde fenge statsstudnad på 25 millionar krunor, som då framleis var ståande i banken.»
Berge og statsrådane vart 25. mars 1927 likevel frikjende (under dissens) ut frå at dei hadde handla i beste meining.
Domsslutninga vart:
- «De anklagede, tidligere statsminister Abraham Berge og de tidligere statsråder Odd Klingenberg, Christian Fredrik Michelet, Cornelius Middelthon, Johan Rye Holmboe, Anders Venger og Karl Wefring, bør for Odelstingets tiltale i saken fri at være.»
Remove ads
Kjelder
- Riksrettstidende 1926-27
- Frå Riksrettens praksis Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine., bakgrunnen for og utdrag frå dei åtte riksrettssakene
- «Abraham Berges regjering 30. mai 1923 - 25. juli 1924». Regjeringa.no. Henta 9. oktober 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Abraham Berges regjering» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2013.revisjon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads